mandag 12. april 2010

Ramstein pensionat

Dette er tittelen på debutboka til dei to søstrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim frå Lesja. Ein fornøyeleg roman skrivi på ein utradisjonell måte. Vi finn ei samling av ulike sjangrar, t.d. avisartiklar, foredrag, dialogar og dagboknotat. Til saman blir dette ei humørfylt forteljing, der også ein og annan kjendis dukkar opp. Vi blir kjent med personane litt etter kvart - og dette er verkeleg eit fargerikt og morosamt persongalleri!

Torsdag den 15.april kl. 20 skal forfattarane presentere boka si på Nord-Fron bibliotek. Dei vil fortelje om skriveprosessen og ikkje minst kle seg ut og dramatisere scener frå boka.
Guri og Sigrid Sørumgård Botheim har tidlegare opptredd m.a. på Litteraturhuset i Oslo, på Mono i Oslo, på Ivar Aasen-tunet og dei har vore gjestar på Store Studio.

Randi Nordlien Berg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar