onsdag 15. desember 2010

Åpningstider i jula

Bibliotekene i Midt-Gudbrandsdalen har disse åpningstidene i jula:

Nord-Fron bibliotek: 24.desember stengt, 27.-30.desember kl.09-15, 31.desember stengt.

Sør-Fron bibliotek: 24.desember stengt, 27.-30.desember kl.08.00-15.30, 31.desember stengt.

Ringebu folkebibliotek
:
24.desember stengt, 27-29.desember kl.10-14, 31.desember stengt. Innleveringsluka er stengt i hele julen.

Vi ønsker alle våre brukere en riktig god jul!

lørdag 4. desember 2010

En trettimeters reise


Dette er ein "feelgood-roman" av Richard C.Morais. I hovudsak handlar boka om Hassan Haji og familien hans. Boka startar i India, i Mumbai, der familien driv ein restaurant. Etter ei tragisk ulykke der mor til Hassan døy, forlet familien India. Etter eit opphald i London, går familien si reise vidare gjennom Europa. Slik gjer dei seg kjent med den europeiske kulture, og ikkje minst maten. For det er mat det meste dreier seg om for denne familien. Til siste havnar dei i Frankrike og i den lille byen Lumiere, der dei opnar ein restaurant. Hassan syner seg etterkvart å vere eit stort talent innan kokekunst, og vi får følgje han gjennom hans kulinariske - og dannelsesreise. Her er det mye mat, oppskrifter, dampande kjøken, skriking og roping, høg indisk musikk og eit fantastisk persongalleri. Dette er ei av desse bøkene du ER i - kjenner lukt og smak, høyrer roping og indisk musikk....og ser for seg Hassan sin omfangsrike, buldrande far!
Ei fabelaktig bok som blir anbefalt av:
Randi N.Berg

Boka er til utlån på Nord-Fron bibliotek.