Biblioteka i Midt-Gudbrandsdalen arrangerar kvart år Barnas bokveke, og i veke 42 er det tid for å ha hovudfokus på barn og barnelitteratur. Målgruppe for veka er førskolebarn og elevar i 1.og 2.klasse.
Veka inneheld ulike type aktivitetar og arrangement - m.a. teaterframsyning, konsert og utstillingar. Biblioteka skal også i år ha eitt felles arrangement - alle 5-åringar i Midt-Gudbrandsdalen har fått invitasjon i posten til Bokfest. Den går av stabelen onsdag den 17.oktober på Hundorp Dale-Gudbrandsgard. Sjølv om garden nå er lagt ut for salg, har vi fått lov til å arrangere Bokfesten der i år også.
Alle dei tre biblioteka vil denne veka vere pynta til fest, så kom innom!
Klovnen Knut kjem på Bokfesten i år også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar