torsdag 9. januar 2014

Meg eier ingen av Åsa Linderborg



Denne boka har hatt mange lesarar, men er så god at ho fortener fleire!
Dette er forfattaren si eiga forteljing om oppvekst saman med aleinepappaen. Og ei sann kjærleikserklæring frå dotter til far. Til trass for at faren er alkoholisert, sett av Åsa i vintermørket utanfor barnehagen før han sjølv syklar til arbeidet sitt på metallverket i Västerås i Sverige og som av og til også må vere med han på nattskift. Til trass for alt dette ligg kjærleiken til far djupare. Det er berre dei to, mor er flytta og sjølv om dei har fast samkvem med besteforeldre og anna familie, så er det berre dei to til kvardags. Da boka kom på norsk i 2008, skreiv Dagbladet: "En skinnende perle av ei bok: sår, klok morsom og perspektivrik". Beskrivelsen rommer det meste - dette er ei smertefull bok som likevel formidlar ein varme og ei innsikt om mennesket som få gjer Åsa Linderborg etter,.
Så til dei som har til gode å lese Meg eier ingen - det er berre å glede seg!

Meg eier ingen av Åsa Linderborg (Heftet)
                                                       Randi N.Berg

                                                           

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar