mandag 27. januar 2014

Kerstin Ekman - svensk forfattar med eit stor publikum

"Mordets praksis" av Kerstin Ekman

Hennar siste bok Mordets praksis kom i 2011. Stutt fortalt handlar boka om Pontus Revinge, praktiserande lege i Stockholm på starten av 1900-talet. For å finanisere sin avdøde fars gjeld, behandlar han prostituerte for unevnelege sjukdomar, og for dette blir han håna av kollegaen sin. Ekman trekkjer tydelege parallellar til Hjalmar Söderberg sin roman frå 1905, Doktor Glas. Ho tek opp mange av dei same spørsmåla, og faktisk dukkar forfattaren Hjalmar Söderberg også opp i boka. Doktor Glas utfører eit barmhjertigheitsdrap for å redde ei kvinne frå ein brutal mann. Pontus Revinge sin kollega, Johannes Skade,  har ei mindreårig stedatter som får varme, lange blikk frå stefaren - og etter kvart får ein som lesar tydelege assosiasjonar til Doktor Glas. Stemninga i boka er uhyggeleg og formidla på ein glitrande måte. Boka har ein knapp, presis stil som på ein fullendt måte sett ord på både tankar og handlingar.
Om det er nokon som lurer på om det er nødvendig å lese Doktor Glas først, så er det ikkje det. Men linken er så tydeleg at eg vil tru einskilde lesarar blir nysgjerrige også på Hjalmar Söderberg og Doktor Glas.

Randi N.Berg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar