mandag 23. august 2010

Rapsgubbene

Dei som kjenner boka Potensgiverne av den svenske forfattaren Karin Brunk Holmqvist, kan kaste seg over hennar nye bok - Rapsgubbene. Denne gongen er det aldrande brødre det handlar om. Det finst ein del som liknar på Potensgiverne ; svensk landsbygd, to søsken som bur saman i ein enkel heim, sterke band til oppvekst og foreldre. Men det gjer ingenting! Brunk Holmqvist skriv enkelt og morosamt og dei to brødrene blir skildra på ein levande og tiltalande måte. Tiltalande, sjølv om kjøken og hushald til tider blir karaktisert som nokså lite hygiensk... Men ho er ein av desse forfattarane som tek oss med inn i handlinga, vi står ikkje berre utanfor og gløtter inn. Vi kan nærmest høyre flugene som surrer over matavfall i mjølkekartongane på benken, og nesten kjenne lukta... Sjølv om vi nok rynka på nasen av akkurat dette nokre gonger, så vart vi så glade i Albert og Henning at vi med glede vil anbefale boka. Full av humor og varme, omtanke for landsbygda og eit fargerikt persongalleri, gjer boka til ei god og avslappande leseoppleving.
Ringebu folkebibliotek, Sør-Fron bibliotek og Nord-Fron bibliotek har boka.

Randi Nordlien Berg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar