onsdag 12. mai 2010

KJØR!

Helene Guåker si debutbok er ei bok frå rånemiljø.Boka handlar om Marianne som har bildilla, utdannar seg til mekanikar og er den lykkelege eigar av ein raud Chevrolet Chevelle. Boka startar med Marianne i sjukehussenga, og lesaren blir kjent med historien hennar ved at forfattaren hoppar att og fram i tid. Språket er muntleg med sterkt preg av Ringsaker-dialekt, der handlinga foregår. Sjølv om boka i første rekkje handlar om bilar og andre kjøretøy, så er det i høgste grad også ein roman om vekst og personleg utvikling, om forelsking - og ikkje minst om kjønnsroller. Det er ikkje alltid like enkelt for Marianne sine foreldre å akseptere at dei har ei dotter som utan tvil trivst best med oljete hender. Dette er boka for motorinteressert ungdom.
Randi N.Berg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar